Yasmin Syed forside

Velkomen inn i mitt webunivers

Namnet er Syed, Yasmin Syed.
Ja, du tenkjer sjølvsagt på James Bond med ein slik start - men eg føler meg til tider som Agent 007. Uredd har eg kasta meg utfor dei høgaste fort, sagt ja til direktesending med ekstremt kort varsel og gjort ting som eg i utgangspunktet ikkje kan. Men kven veit vel om dei kan noko før dei har prøva det – ikkje sant?

Eg har ei brokete karriere som inneheld mykje film, fjernsyn og musikk
Ei karriere der eg både har framført og lagt til rette for at andre skal kunne framføre.
Det viktigaste med å formidle er ikkje nødvendigvis å ha ljoskastarane på seg sjølv men å sjå til at du som publikum får gode opplevingar med det som når ut til deg.

På denne websida står det mest bare ting som har vore å sjå i det offentlege rom men eg lovar deg, eg er også ein god turnémanager, tilretteleggar og ikkje minst til å dele ut blomar etter konsert.

Webreparatør Annette Lippestad